Viser arkivet for oktober, 2015

Langt, langt inn i ville fjell

av Olav Aukrust (1883-1929)

(Bilde: Aina Solem)

Eg klistra tytingen der eg trødde,
i kvite snøen han låg og blødde,
ein liten nattgamall nysnø
såg’n i bygdi frå høgt i hø.
Rein han låg
over stein og såg
seg sjøv liggjande likbleik
langt, langt inn i ville fjell.

Eg drap ei rjupe, og skotet dunde,
og fjelli ropa, og urdi runde -
derpå var det so daudstilt.
Fjellet nemde seg, vart og vilt.
Stur eg stod
i ei urd – og blod
brann i drivkvite snøen
langt, langt inn i ville fjell.

Varme, villkvite fuglen bivra
i opne nebben stod blodet livra,
eg stod og svimra i krutrøyk, -
rædsla kom som ein skræmd øyk, – -
eit liv var sløkt,
eit liv forstøkt
stod einslegt att med sitt eige -
langt, langt inn i ville fjell.

Elgen

av Tore Ørjaseter (1886-1968)

Spør eg og undrast,
kvifor er eg so stygg og storbeint,
ulik og ymse voren;
krokute bein med bøyg og langkrugg,
sterk som eit skogdyr skoren,
flerror på kinn og sterren skjeggstubb,
grov i hamlet og grå?
Du er so fin og liljefager,
litor og lett og mjå.

Langt hår og lufse,
herdbrei og sterk i kvardagshamen
er eg or skogen komen:
du er so fin og liljefager,
ven og veik liksom blomen.
Ljosdæmd og rein med smil i åsyn
kjem du i hugen min:
Hugen vert rein, og hamen ljosleitt;
d’er som eg skifter sinn.

Langt hår og ljorgult
fell deg om herd so fint og herleg;
- mitt er so stridt og floke.-
Kvifor er du so skjer og skotvar;
eg er so god å råke,
liksom ein elg i skog og store
skotvidd um breide bring.
Du, lik ei hind som fljot og lettfløygd
smøygjer seg fram og spring.

Breidlagd og langbeint
liksom ein elg i aude villmark
follom og før i stegom,
skogkongen stolt i store einsemd,
einsam på alle vegom,
luntar og spring so smått og loar
gjenom den djupe skog
burtetter myr og aude moar,
langhærd um hals og bog.

Grannlagd og gonglett
er du ei hind som skjott og sjåleg
munde i morkom springe.
Elgen andar i dine fotspor,
breidlagd um bog og bringe.
- Går seg i skog ein elgeskyttar,
svintar på foten snøgt;
øygnar han skimt av elg, og glyttar,
siktar og skyt so gløgt.

Blodsprøyt og blodspor!
Skogkongen sterk med bråe langbyks
spring upp, men sig å gruve,
kviler så tungt sitt stolte hovud
over den lyng-grå tuve.
Andar so tungt i morgonstilla,
bringa hans er so breid.
Andar inn dåmen din i dauden,
hind, du som spring på heid.

Godt gjort, du skyttar!
Hoggande meint, gjennom hjarta
bivrer det stilt og bløder;
livet er seigt: ein tunglynd ljoske
enno i augom gløder
mot deg, du hind, som sprang so lettfløygd.
Fagert det lyser fram
no i ein blenk frå nåtungt auga
sjeli av dyreham.

Breid skimt av dagsrand
ljosnar so smått um heid og åsdrag,
skimrar som sylvblek strime
burtetter tjørn med bragd av blod-let;
tungt denne morgontime
andar ein dåm av dødsens tungsinn;
solroden skin som blod.
Ljosken av liv frå elge-augom
døyr ut mot dagsens glød.

Natten

Natten er en vennlig favn
en bestefar som stryker deg over pannen
som hvisker historier med varm pust
En stille venn som lar deg tenke
når alt annet tier
Natten er en trofast gammel hund
som sitrer i drømme ved fotenden
og løper over viddene som før.

-
Sjur Gabriel

Hilda.

Hu satt i solveggen
sommerkvelder
når sola sank bakom
Hammarsåsen
og fosseduren
sang vart og vakkert
og byssa stille
en sliten unge

Og hu fant veien
innat i drømmen
til andre plasser
og andre gleder
langt bort fra
Lerketra langs linna
og Syrinhekken
ved sønnaveggen

Hu drømte fattigfint
der på benken
om fine kjoler
og hatt med slør på
mens ungen slumra
til fosseduren
og Syrinhekken
anga parfyme

Og drømmen reiste
med eftastoget
til han med
mansjettknapper i skjorta
han som
en gang skulle komma etter,
med gull i lomma
og tosomhet

Nå er hu ensom
på samma benken
i samma timen
en anna sommer
Og veit at lykka
den varer sjelden
og alt som glitrer
er ikke gull

Det ligg en unge
i gammalvogga
i kvelssolvarmen
bak stueglaset.
Men fossen synger
si vuggevise
og syrinhekken
står maibrud.

Hanne 2015