Viser arkivet for april, 2016

Dagens Hauge

ELDEN

Heilag var elden
som i ditt hjarta brann.
Dåre, som ikkje forstod,
men prøvde å sløkkja han.
Vatn bar du på bålet,
vatn og sand.

Audmjuk skulde du bede
og dine hender nest:
Herre, lat elden brenna,
den heilage gjest.
Lat meg til oske gløda
til siste rest.

Dåre var du som ikkje
stundi forstod.
No kan du eta og drikka
og sova i ro.
Sløkkja kan du, men ikkje kveikja
den heilage glo.

Olav H. Hauge (frå Glør i oska)

Forårsnat

av Tove Ditlevsen (1917-1976)

Nu senker Gud sit ansigt over jorden.
Det store hjerte banker ganske stille,’
og se, hans pande mod hvis hvælv du hviler
er kølig som en forårsnat i Norden.

Og skærmende han legger hånden over
den gode jord han skapte i sin glæde.
Han græder over vågne, kolde sjæle
og kysser dyrene, og børn der sover.

O, lyt en kølig forårsnat i Norden.
Guds milde røst er vindens sagte susen,
og evighed er lagt i blomsterånde,
- nu sænker Gud sit ansigt over jorden.

Drypp - drypp

av Rolf Jacobsen
Fra Samlede dikt:
II. Seksjon: GRØNN
Fem miniatyrer. V. Drypp – drypp.

Hauge

SKULEPLASSEN

Når klokka ringjer
for fyrste timen,
ligg skuleplassen att
- eit konkret dikt.

Tett trakk av gruppor
framfor inngangen
sakleg dryftande
månerakettar
og sekund i St. Moritz.

Halvferdige snømenner
stend att
etter dei minste.

Rundt veggene far
etter einstødingar,
der stod han og ho.
På uthusveggen
ei spræne av snøballar,
ei knust rute på do,
yver døri til styraren
eit svivyrdsleg kast.

Bokstavar i snøen:
Solveig + Knut,
Åse + — han rakk
å strjuka det ut.

Ute på plassen
ból etter slagsmål,
dropar av naseblod
og ein grøn vott.

Olav H. Hauge

Dagens Hauge-dikt

LAT MEG GJERA SOM TORDIVELEN

Sorgene legg seg yver meg
og klemmer meg ned i ei varm boslege.
Lat meg likevel røra på meg,
prøva kreftene, letta på torvone -
lat meg gjera som tordivelen
når han ein vårdag grev seg ut or mykdungen.

Olav H. Hauge
(frå Dropar i austavind)

Angsten.

Han suger tak i deg
med lange klebrige fingre.
Vrenger
dytter.
Knar og vrir
klyper deg i sjela.

Sparker seg vei
innerst inn
i ditt
tussmørke sinn.

Der venter han åndeløst
Til han brått flyr
gjennom kroppen din
på nattsvarte stive vinger

Han senker seg atter
lydløst…

og ruver truende over deg
lik fraflytta svarte kråkereir
i bjørketrærne langs veien.

Hjelpeløse

til knes i regntung
novembersnø

Hanne 2016

Foto: Heidi Bjørnsdotter.