Viser arkivet for stikkord johannes

No e da tid

No e da tid å sei at eg har gløymt deg,
for første gong eg seie da med ord.
No e eg trøtt te laga søte vise,
om deg og meg og da som var i fjor.

No è da tid å sei eg tenke på deg,
men ikkje tru eg savne deg før da.
Eg sete her å rabla ned ei strofa,
om ting som me i gamle daga sa.

No è da tid å sei eg venta på deg.
Men ikkje tru at eg è glad i deg.
Du bere è dan jento som eg huska.
Da minne følle alltid itte meg

Johannes Kleppevik

Slek Kleppevikjen kunne få sagt da! Vart og fint!

Vårvise i naustet

Ein vårdag i naustet når vårsola skin
Det er som ein rus frå den finaste vin
Her luktar det tjøre og rein terpentin
Ved bryggja ligg båten så nysmurd og fin

Vårvise i naustet
Mi vise i vår

Sjå tedno som stuper, ja ho er seg lik
Ho sender si helsing med sylkvasse skrik
Frå skogen syng fuglar så vakkert om vår
Og gaukjen er komen, eg høyrd’an i går.

Som liten eg reiste på fiske med far
Ja, då var det spenning – ja, då var eg snar
Me kom inn til bryggja med fangsten så stor
Eg småsprang opp vegen med torsken til mor.

Så sit eg i naustet og drøymer meg bort
Nei, no vert nok lite og ingjenting gjort
Men godt å få vera me sjødn ei stund
Blant teiner og nøter på slekta sin grunn.

Johannes Kleppevik

Eg har ein engel

EG HAR EIN ENGEL

Eg har ein engel med meg på vegen
Han var der frå fyrste stund
Frå vogge til grav han lyser
Til slutt i min siste blund.

Eg har ein engel med meg på vegen
I ungdom og song og vår
I livet han fylgjer med meg
I gode og tunge år.

Eg har ein engel med meg på vegen
Når kvelden vert vond å gå
Han styrer mitt steg i natta
For dagen eg takkar då.

Eg har ein engel med meg på vegen
Når livet mitt ebbar ut
Han syner meg himmelstranda
Her er ikkje sorg og sut.
Johannes Kleppevik

Johannesen var ein drivanede flink diktar og trubadur.
Han møtte nok sin engel altfor tidleg!
Eg saknar han i bybilde og på Torgdagane,
men er glad at dikta han lever vidare…til trøyst og glede!