Viser arkivet for stikkord sommer

Sommarens~ varme vind.

Ute i sola
gjeng eg i sommarens
varme vind.
Med himmel
så blå
og fri som fuglen.

Kjenner eg
kvart einaste
vindkast som dreg meg rundt.
Vinden som så fint
kilar meg i nakken
kilar godt.

Så gjeng eg her
og drøymer meg vekk
i sommarens varme vind.

Hanne.Myrane

Klukkesundag

Klukk, sa den gamle ferja
ved bryggja i solgangsvind.
Klukk, sa den vesle båra
vennleg mot ferja inn.
Klukk, klukk sa to jenter på tofta
sæle av kjærleik og sorg.
Klukk, klukk sa dertil to høner
som kom frå byen i korg.

Klukk, sa det i ein koffert
som stille vart lempa om bord.
Så var det tida for avgang
og farkosten gleid utpå fjord.
Jentene smilte milde
og ferja huska så smått.
Det var slik ein klukkesundag
og verda hadde det godt

Tarjei Vesaas….

Fekk minner i hugen av å lesa slike ord…